Vi søker kursbyar til hausten!

No er det mogleg å få AMGs kurstilbud nær deg!
Vi er nemleg på leiting etter nye reisemål kor vi kan arrangere AMGs kurshelger gjennom haustsemesteret 2018!

AMG er ei prosjektgruppe i Norsk medisinstudentforening og eit fagutvalg i ANSA, som tilbyr kurs innanfor det akuttmedisinske fagområdet (til dømes AHLR, HHLR, turnusforberedende akuttkurs, IV & IO-kurs, samt grunnleggande akuttkurs). Vi er ein frivillig, non-profit organisasjon og det kosta sjølvsagt ingenting å få AMG til din by. Som deltakar betalar du kursavgift for dei kursa du har lyst til å delta på. Prisen finansierer utgifter til utstyr, transport, kursbøker og forbruksmateriell i forbindelse med gjennomføring av kurs.

Vi i AMG står for det meste av arbeidet med billettsal og planleggingen av sjølve kurshelga, men treng likevel litt hjelp og lokalt engasjement i forbindelse med blant anna lån av lokalar og til å spre informasjonen rundt til norske studentar i byen. Så send inn ein søknad, enten aleine eller i lag med lokale organisasjonsstyrer (til dømes Nmf eller ANSA), og meld interesse for å få AMG og våre kurs til din by med norske medisinstudentar.

Om du skulle ha spørsmål utover dette så er det berre å ta kontakt: styret@akuttmedisinskgruppe.no.

Søknadsfrist er 1. mai!
Last ned søknadsskjemaet her.
Fyll det ut og send til styret@akuttmedisinskgruppe.no.